Klar for regjeringsforhandlingar
Leiarane for dei tre partia som vann det tyske valet i september ønsker no å innleie formelle samtalar med tanke på ein regjeringskoalisjon, melder Reuters.
Sosialdemokratiske SPD, miljøpartiet Dei grøne og liberale FDP har hatt sonderingar for å finne ut om det er grunnlag for å danne regjering.
No er dei klare til å gå vidare, melder nyheitsbyrået.