Hopp til innhold

Fredsavtalane blir trua av vald

Den forverra tryggingssituasjonen i Colombia er ein klar trussel mot fredsavtalen frå 2016, sa FN på eit møte i Tryggingsrådet torsdag.

FARC-geriljaen underteikna fredsavtalen med den colombianske regjeringa i 2016 for å få slutt på ein konflikt som hadde vart i 50 år.

Men FN-utsendinga til Colombia, Carlos Ruiz Massieu, ber regjeringa mellom anna gi vern til geriljasoldatar som overgir seg, slik avtalen seier. Han viser til at 296 av dei er drepne av gjengar og kriminelle organisasjonar. Sjølv om mesteparten av FARC la ned våpena, er det framleis nokre dissidentar som held fram kampen i fleire regionar.

Utan noka samlande leiing var det rundt 2.500 soldatar som ikkje aksepterte fredsavtalen, og dei held fram ein illegal kamp, finansiert av narkosmugling, ulovleg gruvedrift og utpressing, ifølgje colombiansk etterretning.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no