Hopp til innhold

IS-leiar i Nigeria er død

Abu Musal al-Barnawi, leiaren for IS i Vest-Afrika-krinsen (ISWAP), er død, seier hæren i Nigeria. IS-gruppa har ikkje sjølv bekrefta dødsfallet.

Nigeria har tidlegare meldt IS-leiarar for døde, utan at dei har vore det.

– Eg kan bekrefte at al-Barnawi er død. Det er så enkelt som det. Han er død, og blir verande død, seier øvste leiar for dei nigerianske styrkane i Borno, generalmajor Lucky Irabor.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no