Hopp til innhold

Vil byggje mur til Kviterussland

Polen planlegg å byggje ein mur på grensa til Kviterussland for å hindre migrantar og flyktningar i å krysse over.

Det er rekna at muren vil koste 353 millionar euro å bygge, det er rundt 3.481 millionar kroner. Eit lovforslag er laga, og det skal diskuterast i parlamentet onsdag.

Fleire menneskerettsgrupper kritiserer både utkastet og regjeringa si behandling av migrantar og flyktningar. I løpet av august har fleire tusen menneske frå Midtausten og Afrika prøvd å krysse Polen frå Kviterussland.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no