Kjelder: Viken kan vere historie
Den nye Ap-Sp-regjeringa skrotar taxireforma frå Solberg-regjeringa, får NRK stadfesta frå to uavhengige kjelder. NRK får også stadfesta at regjeringsplattforma som blir presentert klokka 14 legg opp til at fylke som sjølv vedtek at dei vil løysast opp, får lov til dette. Det kan bety at Viken blir omgjort til Akershus, Buskerud og Østfold dersom Viken fylkesting fattar eit vedtak om det.
NRK kjenner også til at Ap- og Sp-regjeringa kjem til å redusere maksprisen for foreldrebetaling i barnehage.