Hopp til innhold

126 migrantar redda frå konteinar

Politiet i Guatemala seier dei har redda 126 migrantar som var stengde inne i ein konteinar som blei funne i ein vegkant sør i landet.

109 av dei var frå Haiti. Blant dei 126 var det også personar frå Nepal og Ghana.

Konteinaren blei etterlatt av menneskesmuglarar, ifølgje politiet som høyrde skrik og banking frå innsida av konteinaren. Migrantane er overførte til leirar og får humanitær hjelp.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no