Hopp til innhold

Ein av tre vil reise på haustferie

31 prosent av dei spurte seier at dei planlegg å ta haustferie i år. Av dei oppgir 43 prosent at dei har tenkt seg til utlandet, med Spania som klar favoritt. Det kjem fram i Virkes undersøking Reisepuls. Nær halvparten av dei som vil på ferie tenker å reise til private hytter i Noreg.

Undersøkinga er gjort i mai og juni, med atterhald om at styresmaktene ikkje ville rå frå reiser.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no