Lange køar då vallokala stengde
Mange veljarar stod framleis i kø då vallokala stengde klokka 18 i Tyskland, melder kanalen ZDF.
– Her står minst 100 menneske og eg har høyrt det same frå andre vallokale, sa ein valfunksjonær ved eit vallokale i Berlin til kanalen.
Grunnen til køen er at det gjekk tomt for valsetlar. Difor måtte folk vente rundt ein time lenger enn planlagt.