Hopp til innhold

Bretta stemmesetelen feil veg

Då CDUs statsministerkandidat Armin Laschet skulle avlegge stemme i det tyske valet, fekk han stor merksemd fordi han hadde bretta stemmesetelen feil.

Difor kunne alle sjå at han hadde stemt på eige parti.

Men valstyresmaktene i Tyskland seier stemma er gyldig. Dei meiner dette ikkje er eit forsøk på å påverke veljarane fordi det var venta at Laschet ville stemme på seg sjølv.

Armin Laschet stemmer
Foto: THILO SCHMUELGEN / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no