Hopp til innhold

Kanadiarar har kome heim

Dei to kanadiske statsborgarane som blei sette fri i Kina er komne heim, melder AFP.

Statsminister Justin Trudeau møtte Michael Kovrig og Michael Spavor då dei landa på flyplassen i Calgary.

Frigjevinga var ein del av ein avtale mellom Canada, USA og Kina, der også Huaweis finansdirektør Meng Wanzhou blei sett fri frå husarrest i Canada.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no