Hopp til innhold

Huawei-topp sett fri

Huaweis finansdirektør Meng Wanzhou kan bli sett fri etter tre år i varetekt i Canada. Det melder fleire amerikanske nettstader.

Meng skal ha gjort ein avtale med justisdepartementet i USA som gjer at ho får reise tilbake til Kina mot at ho vedgår enkelte av skuldingane mot henne, skriv The New York Times.

Ho har sete i varetekt sidan 2018 på grunn av eit utleveringskrav frå USA. Ho blir skulda av amerikanske styresmakter for bedrageri og brot på amerikanske sanksjonar mot Iran.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no