Hopp til innhold

EU skuldar Russland for datainnbrot

EU skuldar den russiske staten for medverknad til datainnbrot mot parlamentsmedlemmer, regjeringstilsette, politikarar, journalistar og samfunnstoppar i EU. – Hackarar gjekk fram ved å få tilgang til datasystem og personlege kontoar og stele data, står det i ein felles uttale frå EUs 27 medlemsland fredag.

EU skildrar angrepa som ein trussel mot tryggleik, demokratiske verdiar og kjernefunksjonane i samfunnet. – EU oppmodar Moskva til å overhalde normer for ansvarleg statleg åtferd i det digitale rommet, uttaler EU. EU åtvarar om at saka skal bli samtaletema på kommande møte og at EU då vil «vurdere ytterlegare steg».

På fredag, har ikkje Russland kommentert saka. Hackinga det dreier seg om, er knytt til ei gruppe som går under namnet Ghostwriter.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no