Hopp til innhold

Regjeringa avviser jernbanekrav

Regjeringa avviser kravet til Ap, Sp og SV om å utsette behandlinga av EUs fjerde jernbanepakke. Det skriv Aftenposten.

Dei tre partia bad regjeringa utsette saka til det nye Stortinget har tilrådt, fordi dei som stemte imot jernbanepakka no har fått fleirtal i Stortinget.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) understrekar at dei ikkje er forplikta til å ta omsyn til det nye fleirtalet.

– Det mest kontroversielle hadde vore å gjere som Ap, SV og Sp ønsker, altså å aktivt blokkere gjennomføringa av eit gyldig stortingsvedtak av reine politiske omsyn, seier ho til avisa.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no