Hopp til innhold

Redusert bruken av antibiotika

Tal frå overvakingsprogrammet Norm viser at bruken av antibiotika i Noreg er redusert med 32 prosent sidan 2012.

Det vil seie at vi har nådd regjeringas strategimål for antibiotikabruk, skriv FHI.

Høgt forbruk av antibiotika kan føre til antibiotikaresistens, og vere ein fare for folkehelsa.

Ved å halde på smittevernråda frå pandemien som handvask, håper helsestyresmaktene at vi kan få bruken av antibiotika ytterlegare ned.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no