Hopp til innhold

Kniv- og skotskadar stig

Talet på personar som blir behandla for kniv- og skotskadar i Sverige har auka med nesten 50 prosent på ti år, melder Sveriges Radio.

Tala er henta inn frå helse- og sosialstyresmaktene i Sverige.

Knivskadar står for den største delen av skadane. Personar som dør av skadane er ikkje med i statistikken, berre dei som blir såra.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no