Gratulerte Trudeau med attval
Erin O'Toole, som leiar det kanadiske opposisjonspartiet Dei konservative, vedgår valnederlag, melder Reuters.
Statsminister Justin Trudeau er med det sikra seg ein tredje periode som regjeringssjef i Canada.
O'Toole sa han hadde ringt til Trudeau for å gratulere han med ein ny periode.
Dei endelege resultata etter valet til ny nasjonalforsamling er ikkje klare, men prognosane viser at Trudeaus parti ligg an til å vinne, men ikkje få fleirtal i nasjonalforsamlinga.