Hopp til innhold

Ber om tilgiving til Harki-soldatar

Den franske presidenten Emmanuel Macron bad måndag om tilgiving på vegner av landet, for å ha svikta Harki-soldatane som kjempa saman med Frankrike i Algeries sjølvstendekrig.

Harkiane er muslimske, algeriske soldatar. Dei fekk lovnader om amnesti i Frankrike etter krigen, men blei etterlatne til seg sjølv. I Algerie blir dei sett på som forrædarar, og mange blei torturert og drepne.

Så mange som 150.000 Harki-soldatar deltok i krigen, som varte frå 1954 til 1962. Krigen førte til at Algerie blei avkolonisert frå Frankrike.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no