Hopp til innhold

Krev gjennomslag for saker

Raudt har ønska seg ein samarbeidsavtale med den nye regjeringa. Det har Ap-leiar Jonas Gahr Støre avvist, seinast etter eit møte med Raudt-leiar Bjørnar Moxnes torsdag.

Men for Raudt er det viktigaste at dei får gjennomslag på viktige politiske område som fordeling, klima og arbeidsrettar, seier Moxnes til NRK.

– Dersom dei i staden vel å køyre slalåm i sentrum, som dei kan gjere, vil dei møte eit heilt anna Raudt i Stortinget. Og det trur eg også Støre er veldig klar over.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no