Hopp til innhold

Minst 50 drepne i Jemen

Rundt 50 opprørarar og regjeringsvennlege styrkar er drepne i opptøyar i al-Bayda-provinsen i Jemen, ifølgje forsvarskjelder.

Blant dei drepne er ein høgståande tenesteperson, opplyser ei kjelde i militæret torsdag morgon, skriv NTB.

– Ein oberst og 19 andre lojalistar vart drepne dei siste 24 timane i kampar med houthi-opprørarar i al-Bayda-provinsen, seier forsvarskjelda, og legg til at 30 opprørarar til vart drepne.

Houthi-opprørarane rapporterer sjeldan sjølv om slike dødstal, men tala blir stadfesta frå fleire militære kjelder.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no