Hopp til innhold

Kinesiske astronautar på veg heim

Den nye kinesiske romstasjonen Tiangong er nærare å vere ferdigbygd. No er tre kinesiske astronautar på veg ned til jorda etter tre månaders opphald, skriv NTB.

Astronautane er venta å lande i eit område i Indre Mongolia, nord i Kina i løpet av fredag.

Dei tre har opphalde seg på den uferdige romstasjonen i tre månader, noko som hittil er det lengste opphaldet i verdsrommet for kinesiske romfararar.

Eit nytt mannskap skal seinare i år skytast opp for å halde fram arbeidet med å setje saman Tiangong-stasjonen, som er venta å stå ferdig i 2022.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no