Harry og Meghan på Time-liste
Storbritannias prins Harry og hertuginne Meghan av Sussex frontar magasinet Times årlege liste over dei 100 personane med størst innverknad i verda
Lista er ikkje rangert, men er ei liste over leiarar frå heile verda som jobbar for å bygge ei betre framtid, seier sjefredaktør Edward Feisenthal til Reuters.
Det er 54 kvinner på lista.
Blant dei andre på lista finn vi songarane Billie Eilish og Britney Spears. I tillegg er både USAs president Joe Biden og forgjengaren Donald Trump på lista.