Ikkje kontroll på brann
Det er framleis ikkje kontroll på brannen på Jotun i Sandefjord. Politiet melder at alle dei tilsette er evakuerte.
Dei skriv at brannen ikkje er under kontroll, og at det er fare for at han kan spreie seg til nabobygg.
Politiet ber folk i området halde seg inne og lukke dører og vindauge.