Hopp til innhold

To rømte fangar arrestert i israel

Israels politi arresterte laurdag morgon ytterlegare to av dei seks palestinarane som rømte frå eit høgsikkerheitsfengsel på Vestbredden denne veka. Den eine er Zakaria Zubeidi, den tidlegare leiaren av al-Aqsa-martyranes brigadar, og den andre er Mohammed Aradeh, som soner tre livstidsdommar som medlem i Islamsk Hellig krig, skriv avisa Haaretz. To rømlingar er framleis på frifot.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no