Hopp til innhold

36 Nav-saker blir gjenopna

Gjenopptakelseskommisjonen har behandla 36 oppmodingar om gjenopning i Nav-skandalen under møtet i august. Alle får saka si prøvd for retten på nytt, melder kommisjonen. Det var VG som skreiv om saka først.

23 menn og 13 kvinner var blant dei domfelte. Dei blei dømt til alt frå bøter, samfunnsstraff, vilkårsbunden og vilkårslaus fengsel.

Felles for sakene var at dei domfelte hadde oppheldt seg i andre EØS-land samtidig som dei hadde mottatt arbeidsavklaringspengar eller sjukepengar frå Nav. Dei hadde ikkje verken tillating til utanlandsopphalda gjennom søknad til Nav eller meldt frå i meldekorta om at dei var i utlandet, skriv avisa.

Nav har tidlegare uttalt at oppimot 2400 saker kan vere ramma av feiltolkinga av EØS-regelverket, og minst 48 personar dømt til fengselsstraff.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no