Hopp til innhold

TikTok mest lasta ned i 2020

TikTok blei den mest lasta ned appen i verda i 2020, melder BBC. På dei fire neste plassane på topplista er det appar eigd av Facebook.

Dåverande president i USA, Donald Trump, truga i fjor med å forby TikTok i USA. Grunnen var at han meinte kinesiske styresmakter fekk tilgang til brukardata frå appen, og at det var ein nasjonal tryggingsrisiko.

Selskapet har fleire gongar avvist skuldingane om kopling til kinesiske styresmakter.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no