Hopp til innhold

Ektepar sikta for grov tvang

Politiet har utvida siktinga mot eit ektepar i Hallingdal til å gjelde grov tvang mot ei kvinne som budde i huset deira. Ekteparet er varetektsfengsla i Buskerud tingrett fordi politiet fryktar dei kan øydelegge bevis. Dei to nektar straffskuld, melder Hallingdølen. Det var familien til kvinna som slo alarm, og politiet henta henne ut frå huset for tre veker sidan. Ho er tatt vare på av helsevesenet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no