Kjempar mot eldvegg i California
Eit mannskap på rundt 5.400 personar kjempar i California mot ein vegg av flammar som er blitt så høg at han skapar sitt eige skysystem med heftige lyn og sterk vind, skriv NTB.
Dette gjev næring til skogbrannane som utviklar seg i turbofart.
Måndag hadde dei kontroll på 22 prosent av omkrinsen til brannen.