VIF-supporter arrestert
– Ein risikosupporter frå VIF har slått ein supporter frå Lyn. Mannen er pågripen og blir køyrt i arrest, melder Oslo-politiet på Twitter.
Den fornærma er køyrt til legevakt for sårbehandling i hovudet.
Det var klokka 15.34 politiet meldte om slagsmålet mellom Vålerenga- og Lyn-supportarane ved Bislett stadion i Oslo. Politiet vil vere der under kampen, som startar klokka 16.15.