Hopp til innhold

Korona påvist hos hund i Sverige

For første gong er det påvist covid-19 hos ein hund i Sverige, kunngjer det svenske veterinærinstituttet. Den aktuelle hunden blei ifølge Svenska Kennelklubben lagt inn på dyresjukehus på grunn av luftvegssymptom. Ein av dei tilsette som behandla hunden fekk også påvist koronavirus, men det er ikkje dokumentert om det var hunden som smitta vedkommande. Instituttet understrekar at den største risikoen for smittespreiing først og fremst er mellom menneske.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no