Framstillast for varetektsfengsling
Mannen som er sikta for drapet i Tordenskiolds gate 19. juli blir i dag framstilt for varetektsfengsling i fire veker grunna fare for at bevis blir øydelagt.
Den 41 år gamle mannen får brev- og besøksforbod i heile fengslingsperioden, samt forbod mot medium i to veker.
Mannens forsvarar, Mette Yvonne Larsen, seier til NTB at hennar klient berre samtykker til fire vekers fengsling, men ikkje til resten av begjæringa.