Hopp til innhold

Koronasjuke kan smitte kjæledyr

Folk som er smitta med covid-19 kan bringe smitten vidare til om lag 20 prosent av hundar og kattar, viser ein studie frå Utrecht universitet. Det blei tatt prøver frå 319 kjæledyr i 196 hushaldningar der koronasmitte var oppdaga. 4,2 prosent av dyra var smitta, medan 17,4 prosent testa positivt for antistoff.

Dyra får ingen eller milde symptom. Forskaren bak studien anbefaler likevel smitta personar om å unngå kontakt med dyra, slik at viruset ikkje muterer tilbake til menneske.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no