Hopp til innhold

Brann i konteinarskip ved Sri Lanka

Eit liberisk konteinarskip er i drift fredag i Indiahavet, midt mellom Sri Lanka og Malakkastredet, etter at det torsdag braut ut brann om bord.

Ein person er meldt sakna, ifølge AFP.

Brannen starta i maskinrommet på MSC Messina. Det var på veg frå Sri Lankas hovudstad Colombo til Singapore.

Brannen oppstod om lag ein månad etter at eit anna konteinarskip, singaporske X-Press Pearl med farlege kjemikaliar om bord, brann rett utanfor Colombo. Skipet sank for om lag ei veke sidan.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no