Hopp til innhold

Overført frå Afghanistan til Noreg

Afghanske tilsette som har jobba for Forsvaret i Afghanistan, blei overført til Noreg saman med familiane sine måndag, opplyser regjeringa. Det er totalt seks familiar som har blitt tildelt busetjingskommunar. – Vi vil ta vare på lokalt tilsette som har jobba for norske sivile eller militære myndigheiter og som av den grunn kan få ein utsett sikkerheitssituasjon, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen. Dei lokalt tilsette reknast på kvoten for overføringsflyktningar. Overføringa er ein del av Natos pågåande uttrekking frå Afghanistan.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no