Hopp til innhold

USA kritiserer valet i Iran

USA seier dei synst det er synd iranske borgarar ikkje fekk delta i eit «fritt og rettferdig presidentval» sist fredag. Det skriv nyheitsbyrået AFP. Dei kritiserer valet av den ultrakonservative og populære dommaren Ebrahim Raisi. Samstundes vil USA halde fram med arbeidet med å redde atomavtala som tidlegare president Donald Trump trakk landet ut av.

Raisi har tidlegare uttrykt han er positiv til forhandlingar med USA.

Den nye iranske presidenten blir historisk som den fyrste pålagt sanksjonar frå USA, allereie før han har inntatt leiarstolen. Grunnen er mellom anna hans rolle da tusenvis av politiske fangar vart avretta i 1988. Det er også Raisi som har vore ansvarleg for at domstolen i Iran avrettar fleire menneske enn dei fleste andre land i verda.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no