Hopp til innhold

57 migrantar drukna

Reuters melder at minst 57 migrantar har drukna i eit skipsforlis i Tunisia. AFP skriv at båten var på veg til Europa frå Libya. Forsvarsdepartementet sin talsmann Mohamed Zikri seier at 33 personar blei redda. Dei blei redda på ei oljeplattform på sørkysten av Tunisia. Dei som overlevde skal vera frå Bangladesh.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no