Hopp til innhold

Netanyahu i samtale med Biden

Benjamin Netanyahu, statsminister i Israel, har snakka med Joe Biden, presidenten i USA. Netanyahu skal ha fortalt at Israel gjer alt dei kan for å ikkje skada sivile. Det melder nyheitsbyrået Reuters.

Ifølgje eit samandrag av telefonsamtalen som Netanyahu sitt kontor har gitt ut, sa den israelske statsministeren at dei sivile blei evakuerte frå bygningen som husa mediekontor, samt andre kontor og bustadar, som blei bomba tidlegare på dagen.

Den isralske statsministeren skal ha takka Biden for støtte frå USA og støtten til å forsvara seg.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no