Hopp til innhold

Harry ville bort frå kongehuset

Prins Harry seier at å vere medlem av kongehuset var som å vere i filmen «The Truman Show» eller bu i ein dyrehage. Han føler seg fri i California. I podkasten Armchair Expert torsdag sa prinsen at han fleire gonger i 20-åra vurderte å kutte ut kongehuset.

I podkasten snakka han ope med verten Dax Shepard om at han ville halde forholdet til Meghan hemmeleg medan han var utsett for den intense overvakinga til britiske medium. Harry sa at livet hans kjendest som filmen «The Truman Show» der Jim Carrey spelar Truman Burbank som lever eit liv filma av skjulte kamera der alle han møter er innleidde skodespelarar.

Det var ei tung byrde, og Harry sleit med å vere medlem av kongefamilien. Han frykta at den gravide kona hans Meghan og sonen Archie måtte hanskast med søkjelyset på same måte som mor hans, prinsesse Diana.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no