Hopp til innhold

Skredramma kan få 125 mill. ekstra

Regjeringa foreslår å gi Gjerdrum, som i romjula vart ramma av eit stort jordskred som kravde ti menneskeliv, 125 millionar kroner meir.

Beløpet skal kompensere kommunen for meirkostnader i samband med skredet.

– Gjerdrum kommune står i ein vanskeleg situasjon, og det skulle berre mangle at staten stiller opp. No foreslår vi at kommunen får 125 millionar kroner for å dekkje kostnader dei har hatt som følgje av skredet, seier kommunalminister Nikolai Astrup (H).

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no