Hus har sokke i terrenget
Eit hus på Skjetten utanfor Lillestrøm har sokke i terrenget og dei som bur der er evakuerte, melder Romerikes Blad. Det skal vere snakk om kvikkleire. Avisa skriv at geologar er på veg for å gjere undersøkingar og finne ut om det er fare for andre hus.