EU droppar 300 millionar dosar
EU kjem ikkje til å nytte opsjonen til å kjøpe 300 millionar ekstra koronavaksinedosar frå Janssen eller AstraZeneca, melder Reuters. Det er ikkje avgjort om selskapa får nye kontraktar med EU. I det siste har EU jobba for å få fleire vaksinar frå Pfizer/Biontech.