Ventar fråsegn om vaksine i dag
Helsestyresmaktene i Danmark vil klokka 14 seie kva dei gjer med AstraZeneca-vaksinen i landet. Danmark stansa bruk av koronavaksinen 11. mars etter at ei kvinne døydde av blodpropp. Noreg og Danmark har enno ikkje teke opp att bruken av vaksinen.