Vurderer britisk vaksinepass
Den britiske statsministeren Boris Johnson seier dei vil vurdere å innføre vaksinepass, melder Reuters. Han seier ei slik innføring krev eit grundig arbeid for å unngå at det skal føre til at menneske blir diskriminert.
Johnson seier han ikkje har garantiar, men at han håper at Storbritannia kan opne heilt igjen 21. juni.