Hellas vil ha vaksinepass
Hellas vil ha fortgang i EUs arbeid med vaksinepass, i håp om at det skal opne for meir reising og få i gang igjen turistnæringa i landet. Innføringa av vaksinepass blir drøfta på eit EU-toppmøte denne veka. Hellas er blant pådrivarane for slike pass, men fleire land skal vere skeptiske, skriv NTB.
Dei som er skeptiske fryktar at ei slik innføring skal føre til eit A- og eit B-lag når det gjeld retten til å reise.