Hopp til innhold

Auke i smitte med ukjent smitteveg

Talet på folk som er koronasmitta utan at dei veit kvar dei har blitt smitta, aukar, viser tal frå vekerapporten til Oslo kommune. Dei to siste vekene er det registrert 352 smittetilfelle i Oslo med ukjent smittestad.

Det er og stor auke i talet på dei som er blitt smitta i private heimar. Det er framleis mest smitte i aldersgruppa 20–29 år. Den siste veka er talet på testar nesten dobla i Oslo, til nær 20.000.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no