Elabdellaoui skadd av fyrverkeri
Noregs visekaptein på landslaget, Omar Elabdellaoui, skal vere sendt til sjukehus med augeskader etter ei ulukke med fyrverkeri under nyttårsfeiringa, skriv Cumhuriyet. Nordmannen bur i Tyrkia, der han spelar for klubben Galatasaray SK.