Danske landslagsspelarar smitta
Gulljakta til Vålerenga i Toppserien kan bli forstyrra av at tre av spelarane deira er på samling med Danmark. Der er to spelarar og ein trenar koronasmitta, melder VG. Dersom spelarane er nærkontaktar av dei som er smitta, må dei gå i karantene.