100 kvalar og delfinar stranda
97 grindkvalar og tumlarar har døydd etter at dei gjekk på grunn på Chathamøyane i Stillehavet, kring 800 kilometer utanfor New Zealand, skriv Reuters. Massestranding er ikkje uvanleg på desse øyane, der heile 1000 dyr døydde på ein gong i 1918.