Langrennsløparar får mat på døra
Dei norske langrennsløparane må tole eit strengt regime under verdscupopninga i Finland. Besøksforbod og mat på døra er blant grepa, melder NTB. Onsdag morgon reiste det norske laget til Ruka, og turen blir svært prega av risikoen for koronasmitte.