To skadde etter bilulukke
To personar med ukjent skadeomfang får behandling av ambulansepersonell etter ei bilulukke i Mastrevik i Nordhordland, melder politiet. Ein bil var involvert i ulukka, og denne er ute av køyrebanen. Politiet trur førebels at bilen har køyrt av vegen.