Hopp til innhold

To døde i helikopterkrasj i Nigeria

Eit helikopter har styrta ned i eit bustadområde i Lagos, som er byen med høgast innbyggartal i Nigeria, melder styresmaktene i landet til nyheitsbyrået AP. To personar er døde, og ein tredje er kritisk skada. Årsaka til ulukka er ikkje kjent.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no